
Transport til Kvalsvikryggen i Havlandet
I juli 2022 kan du bestille transport frå hotellkaia i Fosnavåg sentrum til Kvalsvik hamn med båt kl 10.00 kvar morgon. Du blir henta tilbake med buss eller taxi på ettermiddagen frå Kvalsvik gamle skule.
Stien over Kvalsvikryggen går frå Golleneset til Mulevika i Kvalsvika på Nerlandsøy i Herøy Havlandet. Turen er omlag 8,5 km, og den totale stigninga er 448 meter. Dei fleste går turen på rundt 3,5 timar, men rekne god tid - her er det fin utsikt, og du vil sikkert ta mange pauser og mange bilder! Her går dyr ute på beite heile året, så hundar skal haldast i band. Ikkje legg att noko i den sårbare naturen. Ta omsyn til dyr og fuglar, her er det du som er på besøk.