Følg Havlandet

Voice of Norway - AR i Havlandet

Mobil GPS-styrt guide til 50 historier i Havlandet. 10 hologram dukkar også opp...

Ein smak av Havlandet

Bli med oss på ein tur rundt om i Havlandet!

Du kan bu på Thon Hotel Fosnavåg i sentrum av Fosnavåg, oppleve spenninga på  ein ribtur med Havopplevelse Fosnavåg,  og nyte ein deilig middag på Skotholmen på kvelden. 
Du kan og bli med og helse på lundefuglane, ørnene, og sjå det rike fugle- og dyrelivet på Runde. 
Om kveldane byr vi på spektakulære solnedgangar frå heile Havlandet!

Med kajakk og sykkel rundt om i Herøy - Fosnavåg og Havlandet

Herøy Havlandet er eit øyrike omkransa av fargerikt og reint hav på alle kantar med spektakulære bruer mellom. 

HAVLANDET - FULLT AV OPPLEVINGAR

Havlandet er det spennande øyriket som ligg heilt ute på den forrevne vestkysten av Norge, like sør for Ålesund, og like nord for Stad. Øyene med det dramatiske kystlandskapet ligg spredd utover Havlandet i Herøy rundt hovudstaden Fosnavåg. Mellom øyene er det spektakulære bruer med fantastiske utsiktspunkt. Det er kort veg til kjente reisemål som Geiranger, Loen, Ålesund, Stad og Åndalsnes. Du finn mange slags trivelige overnattingsstader i Havlandet, spennande spisestader, museum og galleri, fine fotturar og mange tilbod om aktivitetar i og på havet: Havlandet er eit paradis for kajakkpadling, båtturar, dykking, tangsafari og fisketurar. Vi ønsker deg velkommen til Havlandet!