
HERØY KYSTMUSEUM
Bli med på ein tur til hjartet av Herøy og Havlandet, til historiske opplevingar og vandringar på stader som forfedrane våre besøkte meir enn 1000 år tilbake i tid.
+47 480 46 338 kystmuseum@heroy.kommune.noNaturen i Havlandet er storslått, her finn du spennande skjærgård, og spektakulære fjell. Her kan du vere med på fisketur, krabbefiske, besøke Norges sørlegaste fuglefjell Runde, ta ein tur med kajakk mellom alle øyene, vere med på selsafari, du kan vere med å dykke etter skattar i eit reint og klårt hav, gå lettgådde fjellturar i fjell med spektakulær utsikt frå 3-400 meter høge fjell, og nyte solnedgongar du kan miste pusten av. Søker du meir fart og spenning kan vi by på ribturar, paintball og bumperballs. Møt også hologramma som fortel den spennande historien vår på 10 punkt rundt om i Havlandet. Last ned appen Voice of Norway, og du har eigen guide med på turen, og får høyre 50 spennande historier når du nærmar deg det GPS-styrte punktet. Sunnmørsbadet er det største badeanlegget i midtnorge, og svært populært for barnefamiliar. I Havlandet har vi og ei rekke sandstrender som kan by på endelaus utsikt, tareskogar du kan nyte, og du kan og lage mat av tang og tare. På Runde miljøsenter får du oppleve Rundeskatten, og sjå delar av gullmyntane som vart tatt opp etter skipa som forliste utafor Runde ein gong for lenge, lenge sia. På Leikong er det mogleg å sjå Roskarristinga, einaste i sitt slag på Sunnmøre, og meir enn 2000 år gammalt! På Herøy Gard kan du leve deg tilbake til 1400-tallet, og rusle rundt på garden mens du les deg opp på korleis livet vart levd i dei gamle klostera, og kyrkjene som sto der for lenge sia.
Bli med på ein tur til hjartet av Herøy og Havlandet, til historiske opplevingar og vandringar på stader som forfedrane våre besøkte meir enn 1000 år tilbake i tid.
+47 480 46 338 kystmuseum@heroy.kommune.noI Havlandet har vi gode løysingar for å kunne bade: Innandørs er Sunnmørsbadet eit godt alternativ, og ute finn du mange gode sandstrender og svaberg du kan bade frå: Mulevika, Nautøya, Sandesanden og på Runde. Vatnet er ikkje varmt, men friskt og reint og godt!
Kvar dag kan du komme til Sunnmørsbadet - heile året! Midt-Norges største badeland! Fleire basseng, sklier og aktivitetar for alle i familien. Barnebasseng, bobler, sklier og uteområde. Eigen kafe med Norges beste Fish & Chips!
+47 70080570 post@sunnmorsbadet.noHavopplevelse Fosnavåg tar deg med på sightseeing i Havlandet. Skreddaren går ofte ut til restaurant Kami Skotholmen frå hotellkaia i Fosnavåg, og vår nye båt kan ta deg med på sightseeing til Runde. Aquila går ut frå Runde Hamn kvar dag i sommarsesongen, med Johan som guide og skipper.
+47 481 44 111 post@havopplevelse.noI ei sytti år gamal restaurert grind-løe på Nærøy, finn du galleriet til landskapsfotograf Kristoffer Nærø Ytterland. Meirenntusenord-løda er flott utanpå, og autentisk og godt bevart innvendig. Her kan du nyte flotte landskapsbilete frå Herøy og Sunnmøre i uformelle omgjevnadar, både på veggane og på storskjerm. Ta kontakt om du vil komme innom for eit besøk i Løda.
+47 97755370 kytterland@mimer.noHavlandet ligg ved eit av dei største og viktigaste fiskefelta i Norge. Her kan du vere med på fisketur, fiske etter krabber, eller nyte fersk fisk i restaurantar eller direkte frå Meny-butikken i sentrum av Fosnavåg. Du kan fiske frå kaiene, eller frå bruer eller svaberg, eller på djupt vatn frå båt. Om du ønskar å leie båt, ordnar vi det. Skitt fiske!
Har du våttkort? Du kan melde deg inn i Herøy Kajakklubb, og får låne kajakk og utstyr til turen i inntil 3 dagar. Vi arrangerer kajakkurs og klubbturar.
post@heroykajakk.noDu kan leige båt i Havlandet i ulike størrelsar, om du vil ut på fisketur. Hos Lanternen Marina, +47 70085250, Rorbuda, Herøy Kystcamp, +47 92857929, og hos Havopplevelse.no, +47 48144111
Bli med på ribtur til fuglefjellet på Runde med start frå hotellkaia i Fosnavåg!
+47 481 44 111 post@havopplevelse.noBli med på båttur med Aquila og Johan i farvatna rundt fuglefjellet på Runde! I ein open fiskebåt kjem du tett på fuglane, og på fuglefjellet, og når havet er roleg, kan ein nokre dagar kjøre heilt inn i grotta ved Rundebranden. For bestilling av båttur, ring 0047 700 85 905
+47 915 68 576 johan.moltu@gmail.comHerøy Kystlag held til i Fosnavåg på Sunnmøre. Vi har base i eit eldre slippanlegg på Fosnavåg hamn som vi kjøpte i 2005. Laget vart etablert i 1992. Kystlaget eig og driv også dei tre gjestebryggene i Fosnavåg sentrum.
+47 906 58 517 robert@voldnes.noKultur er ein viktig del av livet til folk som bur i Havlandet. Her finn du både Fosnavåg Konserthus som arrangerer konsertar gjennom året, og Herøy kulturhus som er arena bla for ein aktiv kulturskule i kommunen. Herøy Kystmuseum er ei perle med ei lang og spennande historie, og denne historia bli bla vist fram under Herøyspelet som er i juli kvart år.
Galleri R/ART presenterer utstillinger av anerkjente kunstnere som Magne Furuholmen, Nico Widerberg og Håkon Bleken. Salgsutstillingene byttes ut jevnlig, og markeres med en utstillingsåpning hvor du kan få treffe kunstneren selv. Oppdag også Horisont sin faste utstilling, som består av Ervik & Sævik sin private kunstsamling. Som kunstinteressert har du hele bygget å boltre deg i. Bli med på en spennende kulturopplevelse og la deg inspirere av det fremste innen norsk samtidskunst.
+47 700 80 700 post@e-s.noDet handlar ikkje om dei største høgdene på fjella i Havlandet, men kanskje den finaste utsikta. Du kan gå dei lyngkledde heiene ut til stupa mot havet, eller du kan gå over større vidder, om du held deg til Gurskøya, den største øya i Herøy. Du finn bratte og ville, men og snille og slake fjellturar i Havlandet. Felles for turane er den magiske utsikta mot storhavet!
Last ned vår audioguide for Havlandet, og lytt til dei spennande historiene du får høre på mobilen! Formidlinga er GPS-styrt, og startar når du nærmar deg punktet. Til bruk i bilen, båten eller til fots når du reiser rundt i Havlandet!
Sjekk først om det kjem båt inn mot utløpet av Fosnavåg Hamn - trykk på knappen - og den 30 meter lange gangbrua kjem og hentar deg over til andre sida. Ein ny bydel opnar seg, og du kan gå ein spennande runde rundt Våje!
I Havlandet kan du padle kajakk på det store havet når det er stille, eller inne mellom øyer, holmar og skjær når det bles opp lengst ute. Ofte kan du padle over sandbankar som får ei turkis farge i det klare reine vatnet! Nett som å vere i Karibia!
Bergsøy IL har som mål å gjere Herøy og Fosnavåg til ein betre stad å bu. Laget er aktivt i fotball, friidrett og handball. Havila Stadion ligg på Bergsøya, like ved Sunnmørsbadet og Fosnavåg Kulturhus. Utleige av lokaler. Ein arena for alle.
+47 995 66 987 hovedstyret@bergsoy.noHerøy Kajakklubb har laga ei fin oversikt over ulike padleleder i Havlandet. Her får du informasjon om parkering, rasteplass og varsel om straum og bølger. Les padlevettreglane før du legg ut på tur!
post@heroykajakk.noHos Metizport i Myrvåg har du anledning til å teste nyeste teknologi og utstyret som proffene brukere. Eller om du bare ønsker frispilling er fasilitetene tilrettelagt for dette. Velkommen innom enten som medlem eller drop-in.
Mange kjem til Havlandet for å surfe på dei store gode bølgene som du kan finne i nærleiken av Runde. Her er også dei som driv med kiting.
Havlandet har mange forskjellige og gode stader for dykking. I godt ver kan du legge langt til havs, kanskje jakte på fleire skattar utanfor Runde? Når havet er på det stillaste, venter også grotter i fuglefjellet på Runde med spennande opplevingar, og ei utruleg fargeprakt under havoverflata. Medlemmane i Herøy Dykkerklubb kjenner farvatna rundt om i Havlandet godt! Njord Freediver har utstyret du treng for fridykking