
Her finn du informasjon om Fosnavåg sentrum, og kan sjå ned på byen
Her får du vere med til Runde-brua som slynger seg over frå Remøya til Runde. Informasjon om Runde, fuglefjellet på Runde, Rundeskatten, om Runde Fyr og fuglelivet på Runde.
Myrvåg er eit viktig knutepunkt i Herøy med vegar som går både sørover mot Måløy, innover i landet - og utover mot øyene i Havlandet Herøy. Handelssenter.
Leikong ligg lengst sør i Herøy, på grensa til Sande kommune. Lun beliggenheit, øyer og holmar - med utsikt innover mot Sunnmørsalpane. Fine turområder.
Øya Herøy ligg i hjartet av Herøy. Her finn du Herøy Kystmuseum, Herøy Gard og Herøyspelet Kongens Ring. På Jensholmen ligg Lanternen kafe og Marina.
Fosnavåg er hovudstaden i Havlandet, og ligg i ei naturleg skjerma bukt eller våg - på Bergsøya . Rundt om i Havlandet ligg fleire spennande reisemål på 8 ulike øyer, nesten alle knytt saman med spektakulære bruer. I tillegg finn du spennande selskapslokaler og restaurantar på holmar du lett kan nå frå Fosnavåg! Alle øyene har spesielle særtrekk og kvar sine spektakulære fotturar du kan gå utan snø nesten heile året, og svært fotogene utsiktspunkt vi er trygge på at du vil like godt. Vi innbyr deg til å bli med på eit eventyr rundt om i Havlandet! Det mest kjende reisemålet, er fugleøya Runde. Frå Fosnavåg tar du deg dit på ca 15 minutt med bil, ved å køyre over Bergsøya, Nærøya, Leinøya, Remøya og over til Runde. Nerlandsøya ligg på andre sida av Fosnavåg, ut mot havet. Også her kryssar du sjøvegen på ei spektakulær bru! Du kjem først til Kvalsund, og ut på sørsida av øya ligg Kopparstad. Tar du til høgre, kjem du til Kvalsvika. Heilt ytterst på Nerlandsøya ligg Mulevika, og ute i havet ligg Skorpa. For å komme dit, må du ut i båt. Hjartet i Havlandet ligg på øya Herøy. Du tar av frå hovudvegen på Nautøya ved Lanternen Camping. Her finn du Herøy Kystmuseum, og Herøy Gard med ei lang og spennande historie. På Herøy kan du sjå Herøyspelet Kongens Ring første helga i juli kvart år. Gurskøya er den største øya i Havlandet, og her finn du fleire reisemål og spektakulære historiske høgdepunkt. Her finn du Leikong, Moltustranda, Tjørvåg, Myrvåg og Stokksund. Her er gravrøyser og helleristingar, begge funn er av dei eldste i sitt slag i Europa. Til alle historiske og interessante punkt har vi laga ein digital guide som du kan ta med deg på turen!
Last ned appen Voice of Norway