OVERNATTING

Havlandet byr på overnatting i alle kategoriar - når du kjem på besøk. Her finn du hotell i sentrum av Fosnavåg, campingplassar fleire stader, rorbuer med tilgang direkte til havet, flotte gjestehus, feriesenter, leirstad og ferieleiligheter. Det finnes ei rekke campingplassar og stader for bobilparkering, blant anna i sentrum av Fosnavåg. Her er og ei rekke fine gjestehamner om du kjem hit med båten din. Havila Hotels i Ørsta, Geiranger og Hornindal byr på overnatting i vakre omgivelsar, eit lite stykke å kjøre frå Fosnavåg og Havlandet, og ein fin rundtur for gjestar som vil tilbake til Havlandet.

RUNDE FYR

RUNDE FYR

BOBILPARKERING

Du finn bobilparkering på Lanternen Marina på Jensholmen mellom den store og den vesle Herøybrua. Her er det også anlegg for tømming av bobiltoalett og gråvatn. I byparken i Fosnavåg sentrum finn du ein heilt ny bobilparkering. Herøy Kystcamp ligg på Leinøya. Du finn også bubilparkering på Kjeldsund Leirstad og Gjestegard
Foto: Atle Kvalsvik

GJESTEHAMNER

Fosnavåg: Om lag tretti båtplassar midt i sentrum av Fosnavåg. Tankanlegg MH24 på kaia. Lun hamn med tre meters djupne, flytebrygger med vatn og straum. Sanitæranlegg i Fosnavåg Brygge. Kort veg til restaurantar og shopping. Lanternen Marina: Om lag tjue båtplassar. Flytebrygge med straum og vatn. Slipp. Kort veg til Lanternen med kafe og kiosk med nokre daglegvarer. Kvalsvik på Nerlandsøy, og Runde Hamn er gode uthamner.

TØMMESTASJON I HAVLANDET

Her finn du oversikt over kvar du kan tømme tankane i bobilen i Havlandet. På Lanternen Marina finn du tømmestasjon rett ved hovudvegen, og i Fosnavåg sentrum finn du tømmestasjon ved bubilparkeringa i byparken.

TOALETT I HAVLANDET

Du finn offentlege toalett i Havlandet her: På Herøy Gard, eller i Fosnavåg Brygge under parkeringslokket, inngang mot sjøen. Du finn og toalett i byparken i Fosnavåg. Du finn toalett på parkeringsplassen ved Goksøyra på Runde. På Runde Miljøsenter finn du døgnopne toalett og dusjar heile året. Ved badeområdet Toftestøda finn du også offentleg toalett.

LADESTASJONAR I HAVLANDET

Her finn du ladepunkt for elbil i Havlandet
HAVILA HOTEL RAFTEVOLD

HAVILA HOTEL RAFTEVOLD

Havila Hotel Raftevold ligg 83 km frå Fosnavåg, eller vel ein times kjøring i bil. Gjestfrihet siden 1867. Vi byr på kvardagsmagi i Hornindal. Besøk nettsida vår for meir informasjon.

+4757879999 resepsjon.raftevold@havila.no
HAVILA HOTEL IVAR AASEN

HAVILA HOTEL IVAR AASEN

Havila Hotel Ivar Aasen ligg 49 km frå Fosnavåg, eller ca 45 min kjøring i bil. Hotellet har utsikt til dramatisk natur, og ligg omkransa av fjelltoppar og vakre Ørstafjorden. For meir info, besøk nettsida vår!

+4770045100 resepsjon@hotellivaraasen.no
HAVILA HOTELL GEIRANGER

HAVILA HOTELL GEIRANGER

Havila Hotell Geiranger ligg 128 km, eller ca 2,5 timar frå Fosnavåg, innerst i verdas vakraste fjordarm, Geirangerfjorden. Frå hotellet, som ligg i sentrum av bygda ved fjorden, har du tilgang til alle tilbod i Geiranger! For meir info, besøk nettsida vår.

+4770263005 booking@hotel-geiranger.no
STAD HOTELL

STAD HOTELL

Stad Hotell ligg på Leikanger, Stadlandet, lengst mot vest i Stad kommune, 100 km og 2 timar i bil frå Fosnavåg. Hotellet består av den renoverte Furebuda og ei ny fløy med den nyoppbygde Hoddevikbuda - med til saman 32 hotellrom, konferanselokale, møterom, bar, pub og restaurant.

+47 948 66 836 booking@stadhotell.no