I Herøy og Havlandet finn du mange spektakulære attraksjonar og flotte opplevingar. Her har vi laga ei liste over nokre av dei mest kjende, som skal gjere det lett for deg å planlegge ein tur rundt i dette vakre kystlandskapet. God tur!
Rundebrua er krona på bruverket i Herøy, og den siste av 10 bruer som knyter øyane i kommunen saman. Brua vart opna i 1982.
Meir infoTrollvogga er ein spektakulær fjellformasjon som står lausthengande frå fjellet på sørvestsida av Runde. På 1960 vart det gjort forsøk på å sprenge ned Trollvogga, slik at den ikkje skulle dette ned å lage flodbølge i Kvalsvika på andre sida.
Meir infoSom eit elegant, gigantisk diadem i betong, svevande 32 meter over vatnet, ligg Herøybrua. Det lengste spenne er 170 meter. Brua vart opna av kong Olav i 1976.
Meir infoDette statleg sikra strandområdet ligg sør på Nautøya i Herøyfjorden. Ei lun vik når du kjem med kajakk i Herøyfjorden.
Meir infoEit av Norges mest spesielle kontorbygg er Diamanten, hovudkontoret til Havila på Mjølstadneset i Fosnavåg. Som ein blå diamant ligg det der og speglar seg i havet.
Meir infoFosnavåg Parken byr i dag på klatrepark, leikeanlegg, bubilparkering, toalett, dusj, tømmestasjon for bubilar og grillhytte og gapahuk i tillegg knyt dei nye stiane øvre og nedre bydel godt saman.
Meir infoFlåvær fyr ligger på den lille øya Varholmen i Herøyfjorden ved Fosnavåg. Fyret vart tent i 1870, og har ei fyrlykt som er plassert i toppen av fyrvokterboligen.
Meir infoGolleneset fyrlykt klamrar seg fast ytterst på det reinvaska neset, heilt ute mot det store Atlanterhavet. Ein liten vandring frå Kvalsvika, og ein fin stad å sjå sola gå i havet.
Meir infoRunde fyr er eit av dei eldste fyra i landet, og det eldste nord for Stad. Frå starten i 1767 og til fyret vart automatisert i 2002, har fyrlykta på Runde vist sjøfolk sjøvegen. I dag kan du leige deg inn i DNT-hytta på Runde fyr.
Meir infoMed Vågsbrua opnar det seg ein heilt ny bydel - og ein ny attraksjon å oppleve i Fosnavåg. Den spesiallaga gangbrua har ei lengd på 30 meter, og knyter saman Fosnavåg og Vågsholmen. Den er spekka med offshoreteknologi, og er open for alle å nytte seg av.
Meir infoEin sommardag i 1920 fann ein gardbrukar på Kvalsund på Nerlandsøya restane av det som skulle vise seg å vere eit av dei eldste skipa med kjøl som er funne i heile Nord-Europa. Replika av dei to skipa kan du sjå på Sunnmøre Museum i Ålesund.
Meir infoNerlandsøybrua vart opna den 25. september 1968. No planlegges ei ny bru frå Fosnavåg og Bergsøya over til Kvalsund og Nerlandsøy.
Meir infoRemøybrua er tvillingen til Nerlandsøybrua, og ligg litt lenger nord i Havlandet. Bilar kunne køyre over Remøybrua i mars 1967, og seinare vart det også bru vidare ut mot Runde.
Meir infoMulevika er lokalbefolkninga sin hemmelege favoritt. Berre nokre få minutt frå parkeringsplassen, ligg ei lang vik med kvit sand og store buldresteinar heilt ut mot Atlanterhavet
Meir infoI Mulevika finn du fine svarte kjempesteinar som stikk eit par meter opp frå sandstranda, og som er kjekke å buldre på. Lenger inn på land finn du gode klatrefelt med fleire titals ruter du kan velje i, med vanskegrad frå tre til åtte.
Meir infoVårfjøsen ligg på Skorpa, og dei gråe treveggane og torvtaket går i eitt med naturen rundt. Under andre verdskrigen var det stor trafikk av folk som låg i dekning og venta på skyss over til England.
Meir infoPå øya Skorpa er det ein flott med ville kystgeit som bur i dei bratte fjellsidene. Det er ein av få bestander som framleis finst, og er siste resten av ein spesiell norsk rase som stammar frå kystgeitehald frå 1700-tallet.
Meir infoTeigetua er ein fjelltopp på 268 meter på Nerlandsøy med utsikt mot Kvalsvik, Kvalsvikryggen og Runde. Her er det antenneanlegg som tek imot og sender kringkastingssignal.
Meir infoGodt merka sti frå Mjeltehaugvegen på Nerlandsøy til Rjåhornet med utsikt mot Skorpa.
Meir infoNy attraksjon i Kvalsvik og Havlandet med fottur over fjellrekka frå Golleneset til Muletua på Nerlandsøy. Beitedyr ute heile året - hundar skal haldast i band. Vi anbefalar ein liten dukkert i Mulevika etter fotturen.
Meir infoNo kan du studere naturkreftene ved Runde fyr direkte! Havområda rundt Runde er av dei mest verharde i Norge, og no kan du følge med på kva som skjer med direktesending frå fyret heile døgnet.
Meir infoRunde er Norges sørlegaste og lettast tilgjengelege fuglefjell. Eit av dei høgaste punkta på fuglefjellet er Rundabranden, 294 moh. På øya hekkar over 200 ulike fugleartar. Foto Cecilie Hatløy
Meir infoRoskarristinga er ein omlag halv meter lang båt rissa inn det brunoransje berget ved Roskar på Leikong. Den er rundt to tusen år gamal, og er einaste bilderistinga vi kjenner på Sunnmøre.
Meir infoStore gravfelt ved havet er eit særmerke for sunnmørskysten, og eit av dei største felta er Løsetstranda ved Moltu på Gurskøya. Heile 63 gravrøyser er funne. Dei eldste gravrøysene er frå eldre bronsealder, og gravrøysene kan vere bygde over ein periode som strekkjer seg over 2000 - 3000 år.
Meir infoPå toppen av byfjellet i Fosnavåg ligg Heid tursti. Frå eine sida av fjellet med oppgang frå Sunnmørsbadet er stien bratt, og frå andre sida kan du gå i spasersko. Langs løypa kan du bruke trimapparata som ligg langs løypa.
Meir infoØya Herøy har vore samlingspunkt i Havlandet i over tusen år. Her la vikingekongane til med skipa sine, og her var både tingstad, handelsstad og kyrkjestad. I dag kan du besøke Herøy Gard og Herøy Kystmuseum og sjå korleis liv vart levd på Herøy i tidlegare tider.
Meir infoPå Runde Miljøsenter på Runde finn du forskarar som forskar på livet i havet, og eit opplevingstilbod med utstilling av Rundeskatten, ein kafe og overnatting. Du kan og bli med på guida turar til fuglefjellet på Runde. Foto Per Eide
Meir infoI 100 år var det fyrvaktarar som passa fyret på Svinøy, heilt til siste fyrvaktar gikk i land i 2005. Då vart fyret automatisert. Svinøy fyr er eit av dei mest verharde fyret langs kysten vår. Vindstyrke er mål heilt opp i 120 knop, det doble av orkan. Foto Alfred Jensen
Meir infoPå stien ut mot Golleneset ligg Kjemperøysa, ei gravrøys som kan vere heile 3500 år gamal. Gravrøysa har ein diameter på 17 meter.
Meir infoAnna Olava er ein rekonstruksjon av ei jektetype ein fann langs kysten av Norge frå 1200 - 1700-talet. Båten vart nytta til frakt av varer. Anna Olava ligg ved det gamle handelsstedet Herøy Gard når den ikkje er ute på tur.
Meir infoFuglefjellet på Runde er Norges sørlegaste og lettast tilgjengelege fuglefjell. Naturreservat. Verna områder. Følg merka sti når du kjem på besøk. Hundar skal haldast i band heile året. Mange fugleartar besøker øya i trekktidene, og meir enn 200 ulike artar er registrerte her.
Meir infoRestaurant Kami Skotholmen ligg på ein holme utanfor Fosnavåg i ei sjøbu frå midten av 1800-talet. Her får du ny kokkekunst og moderne design i lag med historiske omgivnader frå den gong da Skotholmen var handelstad og fiskevær.
Meir infoPå Sunnmørsbadet ventar deg 6400 kvadratmeter med badeglede: her kan du svømme, leike i det varme vatnet eller slappe av. Her er stupetårn og 25-metersbasseng, bølgebasseng og straumkanal Varmtbasseng og plaskebasseng, boblebad, sauna og dampbad.
Meir infoI meirenntusenord.com-løda finn du eit galleri med bilete frå vakre Herøy og Havlandet. Her kan du kome og sjå i fred og ro - heilt uforpliktande.
Meir infoI Horisont finn du kunstgalleriet R/ART og kafeen B&G Horisont. Her er utleige av lokaler til møter og selskap. Bygget ligg i lag med Diamanten til Havila og speglar seg i havet på Mjølstadnes i Fosnavåg.
Meir infoDen fargerike og sjarmerande lundefuglen kjem inn til Runde etter åtte månader ute på havet for å hekke. Dei lever med same partnar heile livet, og kjem inn til same reirplassen år etter år. Dei kan bli opp til 40 år gamle.
Meir infoLengst ute mot havet i Fosnavåg sentrum, står statua av Fiskarkona. Dette er eit kjent fotopunkt og kjært samlingspunkt for folket som bur her.
Meir infoMøt hologramma våre i Havlandet. Dei har ei spennande historie å fortelje deg! Gjennom hologramma får du møte personar frå ulike tidsepoker i Havlandet, heilt frå vikingetida til i dag.
Meir info