Reiselivskonferansen i Fosnavåg er eit årleg arrangement og ein viktig møteplass for alle som er tilknytt reiselivsnæringa i regionen. Reiselivskonferansen i Fosnavåg 21. oktober 2021 startar med registrering frå kl 10.00 på Thon Hotel Fosnavåg / Fosnavåg Konserthus, med opning av konferansen kl 11.00 av ordførar i Herøy Bjørn Prytz. Bedrifter med partnaravtalar får rabatt på denne konferansen.
PÅMELDING
Påmelding og program finn du HER
Tid og stad
Thon Hotel Fosnavåg
Torsdag 21. oktober 2021
Lunsj og pausemat, frukt og snacks
Middag på Kami Skotholmen
Registrering frå kl. 10.00
Vi ønsker deg velkomen til Reiselivskonferansen i Fosnavåg og Havlandet, ein småbordskonferanse i eit litt annleis format på Thon Hotel Fosnavåg.
Dette er Reiselivskonferansen for å bli inspirert til å restarte reiselivet i regionen - etter korona.
Vi startar med registrering frå kl 10.00 i Thon Hotel Fosnavåg / Fosnavåg Konserthus, før ordførar Bjørn Prytz foretar den offisielle opninga kl 11.00.
Programdelen inneheld korte, inspirerande innlegg frå ei rekke ulike aktørar som kan bidra til å skape gode reisemål.
Undervegs blir det tid til å mingle, og det blir servering av kaffe, mineralvatn, snacks og frukt.
På kvelden blir det ein kort båttur frå hotellkaia i Fosnavåg ut til Kami Skotholmen, der vi nyt 3-retters middag og godt selskap i lag med kvarandre.
PROGRAM
Pris for å delta på Reiselivskonferansen i Fosnavåg 2021
Ordinær pris / Rabatt for Havlandet-partnarar
Partnar i Havlandet
Ønsker du å registere bedrifta som partnar i Havlandet: https://www.havlandet-as.no/partnarar/
Der finn du også fordelar med å vere partnar, og ei oversikt over dei registrerte partnarane i alfabetisk rekkefølge.
Refusjon
100 % refusjon ved avmelding fram til påmeldingsfristen 14. oktober 2021
50 % refusjon ved avmelding etter påmeldingsfristen (15. - 21. oktober 2021)
Ingen refusjon ved ikkje møtt.
Påmeldingsfrist
14. oktober 2021
Smittevern
Reiselivskonferansen tar smittevern på alvor, og Reiselivskonferansen foregår etter gjeldande regelverk.
Arrangør
Reiselivskonferansen i Fosnavåg 2021 er arrangert av Havlandet AS.
Havlandet AS er eigd av Herøy Næringsforum og Herøy kommune. Selskapet har teke over den operative drifta av Herøy Næringsforum og er ein interesseorganisasjon for næringslivet som skal skape vekst og utvikling. Vårt oppdrag er å påverke og legge til rette for å auke talet på arbeidsplassar og bedrifter, i tillegg til auke i heilårsturisme.