BOOKING

TRANSPORT

Alle vegar fører deg til Havlandet - og det på magiske bruer, smale svingete vegar, og storslått natur med utsikt mot storhavet! Kjem du med eigen bil, tar du ferge frå Sulesund til Hareid, eller du tar ferge frå Åram til Larsnes. Kjem du frå Ørsta / Volda, er det tunell på Eiksundsambandet og ut til Havlandet. Kjem du med båt, er sjøvegen klar for å ta deg imot. Du kan også komme deg til Havlandet med offentleg transport; både bussar og Hurtigruta går til Havlandet, og frå 2021 kjem du deg hit også med Havila Kystruten! Sjå meir info under:

Ruteinfo Travel like the locals

BOBILPARKERING

Du finn bobilparkering på Lanternen Marina på Jensholmen mellom den store og den vesle Herøybrua. Her er det også anlegg for tømming av bobiltoalett og gråvatn. I byparken i Fosnavåg sentrum finn du ein heilt ny bobilparkering. Herøy Kystcamp ligg på Leinøya. Vollanaustet i Kvalsvika tilbyr parkering for bubilar er andre stader for bubilcamping.
Foto: Atle Kvalsvik

GJESTEHAMNER

Fosnavåg: Om lag tretti båtplassar midt i sentrum av Fosnavåg. Tankanlegg MH24 på kaia. Lun hamn med tre meters djupne, flytebrygger med vatn og straum. Sanitæranlegg i Fosnavåg Brygge. Kort veg til restaurantar og shopping. Lanternen Marina: Om lag tjue båtplassar. Flytebrygge med straum og vatn. Slipp. Kort veg til Lanternen med kafe og kiosk med nokre daglegvarer. Kvalsvik på Nerlandsøy, og Runde Hamn er gode uthamner.

TØMMESTASJON I HAVLANDET

Her finn du oversikt over kvar du kan tømme tankane i bobilen i Havlandet. På Lanternen Marina finn du tømmestasjon rett ved hovudvegen, og i Fosnavåg sentrum finn du tømmestasjon ved bubilparkeringa i byparken.

TOALETT I HAVLANDET

Du finn offentlege toalett i Havlandet her: På Herøy Gard, eller i Fosnavåg Brygge under parkeringslokket, inngang mot sjøen. Du finn og toalett i Fosnavågparken, og toalett og stellerom på IJT Design like ved Fosnavågparken. Du finn toalett på parkeringsplassen ved Goksøyra på Runde. På Runde Miljøsenter finn du døgnopne toalett og dusjar heile året. Ved badeområdet Toftestøda finn du også offentleg toalett.

LADESTASJONAR I HAVLANDET

Her finn du ladepunkt for elbil i Havlandet

TRAVEL LIKE THE LOCALS

No kan du reise rundt i Havlandet med offentleg transport! Du får ei heilt unik oppleving av området.

Vi har gjort det enkelt for deg å reise kollektivt når du er turist hos oss i Havlandet. Vi har sydd saman dei mest populære reiserutene i området og gjort det enkelt å bestille turen på nett. 

Du får éin billett som gjeld heile reisa - sjølv om du må bytte transportmiddel undervegs. Vel ditt utgangspunkt nedanfor, les meir om dei ulike turane og bestill enkelt på nett. Billetten får du på e-post saman med ei turbeskriving.

Travel like the locals-turer er tilgjengeleg i heile Fjord Norge-området (Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland).

God tur!

Audioguide med på turen?  Sjå korleis du kan laste ned appen, her: 

Her finn du reiseplanleggar, og rutetider

BENSINSTASJONAR I HAVLANDET

Her er ei oversikt over bensinstasjonar i Havlandet: 

Kart over bensinstasjonar i Havlandet