BOOKING

REBUSAR

Bli med på ei spanande jakt etter krabbar i Fosnavåg eller gå på jakt etter Sunnmørsjekta på Herøy Gard. Undervegs i jakta får du høyre historier om stadar du går forbi på ruta. Ta med heile familien med foreldre, sysken, onklar og tanter, besteforeldre, barnevakter, naboar og vener. Gå i lag med borna på ei underhaldande og spanande reise gjennom Fosnavåg by eller på Herøy Gard. Du kan gå når du vil og i ditt eige tempo og sjå om du finn krabbane eller jektene som vi har gøymt rundtom. Lytt til historiene som kjem når du nærmar deg eit historisk eller interessant punkt. Rebusane er klar til bruk frå 6. oktober 2021 og blir liggande permanent på appen Voice of Norway som eit tilbod til skuleklasser, innbyggarar Vi trekk ut ein heldig vinnar som har sendt inn antall krabbar eller jekter den 20. oktober 2021. Premien er 4 billettar på Fosnavåg Kino med popcorn og brus. Kos deg og god tur!

Den store krabbejakta i Fosnavåg

Velkomen til krabbejakt i Fosnavåg! Last ned appen på telefonen din. På kartet som dukkar opp vil du sjå fleire raude område. Gå dit, og tel kor mange krabbar du finn på kvar plass.

Krabbejakt i Fosnavåg

Send inn svaret på kor mange krabbar du fann

Du kan legge saman alle krabbane og sende inn talet på kor mange du fann i denne lenka:

Kor mange krabbar fann du?

Jakta på Sunnmørsjekta

Velkomen til jektejakt på Herøy Gard! Last ned appen på telefonen din. På kartet som dukkar opp vil du sjå fleire raude område. Gå dit, og tel kor mange jekter du finn på kvar plass.

Jektejakt på Herøy Gard

Send inn svaret på kor mange jekter du fann

Du kan legge saman alle jektene og sende inn talet på kor mange du fann i denne lenka:

Kor mange jekter fann du?