Telefon
+47 700 80 800
Velkomen til eit besøk på Runde Miljøsenter! Her kan du besøke utstillinga av Rundeskatten som stammar frå forliset av handelsskipet Akerendam utanfor Runde i 1725, og du kan lære mykje om fuglane som hekkar på Runde, havet og det spanande økosystemet som omringar oss. I kafeen kan du kjøpe varme og kalde rettar, kaffi, kaker og is. Maten vi serverer er heimelaga, og ofte inspirert av havet. Råvarene er i størst mogleg grad lokale og økologiske. Gjennom heile året er det tilbod om turar i fjell og fjøre, i lag med våre naturrettleiar, både opne turar som ein kan melde seg på og på bestilling for grupper. På senteret er det også 8 fine, romslige leilegheiter med eigen inngang og havutsikt. For opningstider: www.opplevrunde.no
+47 700 80 800
booking@rundecentre.no