På øya Skorpa budde det folk fram til 1970. I dag er det ville kystgeiter som bur i dei bratte fjellsidene.
Dette er ville urgeiter, og direkte etterkommarar etter dei første geitene som vart brukte i husdyrhald.
No er det berre nokre hundre att i Norge, og ei stor stamme finn du altså på Skorpa.