Opplev Runde tilbyr guida turar på Runde, omvisning på Runde Miljøsenter, serverer mat og tilbyr overnatting.

Velkomen til eit besøk på Runde Miljøsenter!

Velkomen til eit besøk på Runde Miljøsenter!
Her kan du besøke utstillinga av Rundeskatten som stammar frå forliset av handelsskipet Akerendam utanfor Runde i 1725, og du kan lære mykje om fuglane som hekkar på Runde, havet og det spanande økosystemet som omringar oss.
 
I kafeen kan du kjøpe varme og kalde rettar, kaffi, kaker og is. Maten vi serverer er heimelaga, og ofte inspirert av havet. Råvarene er i størst mogleg grad lokale og økologiske. 
 
Gjennom heile året er det tilbod om turar i fjell og fjøre, i lag med våre naturrettleiar, både opne turar som ein kan melde seg på og på bestilling for grupper.
 
På senteret er det også 8 fine, romslige leilegheiter med eigen inngang og havutsikt. 
 
For opningstider: www.opplevrunde.no