Livet ute ved kysten kunne vere hardt. Mennene kjempa med naturkreftene ute på sjøen, medan kvinnene hadde sine kampar heime. Dei drifta familien, garden og lokalsamfunnet, samtidig med at dei engsta seg for dei som var ute på havet.
På 1990-talet tok Fiskarkvinnelaget i Herøy initiativ til ein hyllest til desse fiskarkonene. Det vart ei statue som står ved kaikanten i Fosnavåg - kystkvinna og fiskarkona som står og speidar utover havet og ventar på sine kjære medan ho har eit bar på arma, og eit anna i skjørtekanten.
Også i nyare tid har folket i Herøy opplevd tragediar på havet. Då er det godt å ha ein plass å tenne lys og vere i lag i spora etter dei som har gått føre.
Guri Aasen med Fiskarkona og døtrene hennar
Ta med deg audioguiden Voice of Norway når du går, kjører, syklar eller seglar rundt om i Havlandet!
50 spennande historier følger deg rundt, og dukkar opp på mobilen din når du nærmar deg punktet.
Les meir om appen her: https://voiceofnorway.no/famil...
Møt hologrammet ved Fiskarkona på Vågsplassen: Du finn den i appen i guiden for Havlandet, og kan høyre og sjå historia som blir fortalt på mobilen din.